Helsetreff – Samefolket i tvangsevakueringa ved professor Ingunn Elstad, Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet

Fredag 18. mars 2016 kl. 11.00 – 14.00
Lavangseidet grendehus

Program

11:00   Samefolket i tvangsevakueringa ved professor Ingunn Elstad, Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet
12:00  Samisk språkstund
12:30  Trim
13:00  Kjøttpudding med kål- og ertestuing til deltakerne 80 kr
13:30  Loddsalg

Samefolket i tvangsevakueringa
Tvangsevakueringa hausten 1944 var ein felles katastrofe for folkeslaga i Finnmark og Nord-Troms. Dette foredraget handlar om samefolket i tvangsevakueringa. Hadde dei nazistiske styresmaktene særskilte planar for samane? Var det trekk i sjølve tvangsevakueringa som slo spesielt ut for dei? Til sist: er det muleg å seie noko om konsekvensar for samane som folk? Framstillinga er konsentrert om den første fasen av tvangsevakueringa: planlegginga, transporten og transittane frå oktober til ut 1944. Ho går ikkje inn på sjølve brenninga og nedslaktinga av husdyra. Foredraget spring ut av samarbeidsprosjektet «Living the War» mellom Gjenreisingsmuseet i Hammerfest og Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet. Mer info er publisert på nettsida til Gjenreisingsmuseet i Hammerfest; http://www.kystmuseene.no/getfile.php/3430786.1277.cffbwswuex/Samane+i+tvangsevakueringa+2+%282%29+%281%29.pdf

Ingunn Elstad
Professor i sjukepleie ved Institutt for helse og omsorgsfag. Deltar i historieprosjektet ”Living the War”, som studerer sjukepleie, helseforhold, levekår og sivilsamfunn i finske, russiske og norske nordområde 1939- 1945, og i gjenreisingstida etterpå.

Bildet er hentet fra NRK Sápmi; http://www.nrk.no/sapmi/vil-styrke-forskningen-om-2.-verdenskrig-i-nord-1.12200697